Fordelar for medlemar i Gjenklang
Gjenklang vil gjennom musikkarrangement legge til rette for sosial deltaking, meistring og inkludering for vaksne med tilknyting til kriminalomsorga, psykisk helse- og rusfeltet.
Som Gjenklangmedlem får du:
- Artistprioritet. Dersom festivalen vert fullbooka får artistar frå medlemsføretaka fyrsteprioritert. 
- Artistformidling til kurs og konferansar. Gjenklang sørger for at artistane får honorar for musikkinnslag, at alt er praktisk tilrettelagt på scena og at artistene vert presentert slik dei ynskjer det. 
- Representant frå feltet i Gjenklang sin arbeidskomite eller styringsgruppe. 
- Delta på årsmøte. 
- Moglegheit til å påvirke og vidareutvikle Gjenklang. 
- Vegleiing i brukarmedvirking rundt konsertarrangement. 
- Høve til at musikkterapeutane dine kan delta i nettverk på tvers av ulike felt. 
- Innsikt i utfordringar med stigmatisering rundt musikkterapirelaterte konsertar. 
- Tilrettelegging for kunnskapsutvikling, studentpraksis og forsking rundt musikkterapirelaterte konsertarrangement. 
- Hjelp til å etablere kommunale musikkterapitilbod/oppfølgingstilbod gjennom Gjenklang sitt nettverk i lokalsamfunnet ditt. 
- Oversikt over kva musikktilbod tenestebrukarane dine kan nytte seg av dersom føretaket ditt ikkje har tilbod. 
Vilkår: Årleg kontingent per 2024 er kr 15.000. Frå 2025 kr 20.000.
Medlemar per 24.01.25 er:
- Betanien DPS 
- Bjørgvin DPS 
- Kronstad DPS 
- Øyane DPS 
- Stedet, Frelsesarmeen 
- Bergen Fengsel v/Åsane vidaregåande skule, Vestland Fylkeskommune 
- Psykiatrisk Klinikk Sandviken 
- Kunnskapsklynga Polyfon 
- AFR 
- Etat for psykisk helse og rus tjeneste, Bergen kommune 
- CRUX 
“Gjenklang hever kvaliteten på behandlingen” (Musikkterapeut, Helse Bergen)
“Tusen hjertelig takk til alle dere som arrangerer denne festivalen! Den inspirerer, sprer glede og gir pågangsmot” (Artist)
